På Voss møter du vossingar og venner av Vossebygda, fjell og skogkledde dalar, elver, fossar og vatn. Og dette er då utgangspunktet ditt, når du skal forma di personlege vossa-oppleving.  Naturen og landskapet er inspirasjonskjelda bak det mangfaldet av aktivitetar du som tilreisande og me som fastubande har å velje i her på Voss. I nesten 200 år har Voss teke i mot besøkande på jakt etter opplevingar basert på natur, lokalkultur og tradisjonar. Her fant me tidleg ut at det går an å gjere meir enn og berre sjå på det vakre landskapet. Og dei mest entusiastiske vart til slutt ein del av naturen, dei vart del av dei buldrande elvestryka og som prikkar på himmelen. Anten du no søkjer fred og ro i vene omgjevnader eller ynskjer å utfordre deg sjølv gjennom det varierte aktivitetstilbodet som finst her, så kan Voss tilby opplevingar for dei fleste.


Klikk på en av linkene øverst på siden for å se detaljerte beskrivelser og bilder.